Gripende og ærlig om skademarerittet og veien tilbake

May Elena Trydal (24) har måttet jobbe intenst mye – både fysisk og psykisk – for å komme på banen igjen. Ved å lete fram de positive tankene og utøve stor tålmodighet har hun lyktes. Her forteller hun selv den gripende historien:

1. Du har vært skadet og ute fra fotballen i over to år, kan du fortelle litt om hva som skjedde?
Eg hadde akkurat vore ute med ei ristskade i tre mnd, og var inne i mi tredje veke som skadefri, da eg fekk kome inn i pausen mot Kongsvinger 29. april 2012 i tredje seriekamp. Etter fem minutter klarte eg å hekte foten min i armhola på motspelaren framfor meg og blei dratt bakover og slo bakhovudet mitt i matta. Det svartna ei stund og eg var veldig forvirra. I og med at eg akkurat var komen tilbake frå ristskada så var lysta til å spele mykje større enn fornuften til å gå av – så eg nekta å gå av banen og fullførte resten av omgongen. Det gjekk i grunnen ganske bra å spele, men etterpå starta marerittet

SONY DSC

SONY DSC

562569_337363866331592_1641585793_n

2. Hvor tøft har det vært denne perioden?
Det har vore heilt forferdeleg! Eg har aldri vore så langt nede over ein så lang periode i heile mitt liv. Eg måtte flytte heim til Bykle til familien min i eitt år for eg klarte ikkje å lage meg mat ein gong. Eg orka ingen ting og hadde ingen matlyst, berre tanken på mat gjorde meg kvalm og uvel. Kroppen fungerte ikkje. Eg klarte ikkje å sjå TV, data, lese, gå tur eller henge med vener. Helst ville eg berre ligge i senga og sove heile det året til eg blei frisk, for det var vanskeleg å stå opp når det ikkje var noko å stå opp til. Eg fekk i tillegg beskjed av legar og trenarar at dersom eg ikkje tok dette seriøst, kunne eg risikere å aldri bli heilt bra. Eg fekk eksempel på personar som har vore ute i fleire år, personar som måtte leggje opp og personar som har slitt heile livet. Det satte ein vekkar i meg og eg skjøna at dette måtte eg ta seriøst. Tolmod – det verste ordet eg veit, men og nøkkelen til å bli friskast mogeleg.

SONY DSC

3. Tenkte du noen gang på å legge opp?
Den tanken der var så vond at eg ikkje tillot meg sjølv å tenke den. Men eg har vore veldig redd. Tanken på at eg kanskje aldri ville bli heilt frisk var vond og skremmande. Og i den mørkaste perioden var det vanskeleg å finne fram dei positive tankane. Men eg ville tilbake! Eg ville bevise for meg sjølv og folk rundt meg at dette skal eg klare å kome meg tilbake frå!

SONY DSC

4. Hvordan er følelsen av å kunne spille igjen?
Heilt magisk! Fotball har alltid vore livet mitt. Det å bli fratatt det beste og mest morosame du veit, så plutseleg var alt veldig smertefullt. No er eg superglad og veldig takknemleg for kvar trening eg klarar å fullføre utan smerte! Eg er fortsatt ikkje heilt 100%, men eg vel å tru at eg er blitt flinkare til å kjenne etter på kroppen og å tilpasse meg deretter. Litt fotball er utan tvil betre enn ingen fotball!

552916_337371016330877_899664932_n

5. Hvordan tror du 2015-sesongen for Sarpsborg 08 vil bli?
Eg har bare vore på to treninger foreløpig, så alt er veldig nytt. Det er ein god del nye fjes og ikkje minst eit veldig ungt lag. 08 har alltid vore veldig flinke på å utvikle unge spelarar så det blir morosamt å vere med vidare! 08 er uansett ein kjempegod klubb å vere i og eg er veldig nøgd med å kome meg tilbake her. Det var draumen, målet og motivasjonen min!

SONY DSC

Må å få takke familien min for all hjelp og støtte, dei har betydd enormt mykje for meg og er mykje av grunnen til at eg kan spele fotball i dag!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s